Kommande konsertar

Albumet

Djevelen

Djevelen kom sundagskveld
Han va’kje invitert men kom likevel
I dress, hatt, stokk og bart.
Han sto der i sko av slangeskinn
Eg våga ikkje ant enn å be han inn
Tru om han drikk kaffien sin svart?

Djevelen han e ein flott gammal mann
Han smilte då eg satte kaffien fram
Og kake med grøn melisglasur.
I kaffien hadde han ti sukkerbitar i
«Forresten eg ska helsa frå bestemori di.
Kom no ska me på tur»

Djevelen spelar trekkspel og
Eg dansar i raude slangeskinnsko.

Litt sprit må me ha ellers bli’kje det stas
Sa Djevelen og fylte opp fem seks glas
Og kaffien den vart raud som blod.
Djevelen stokka og me spela kort
Av reglane skjønte eg ikkje stort
Har eg alltid hatt so fine sko?

Eg spela trekkspel og
Djevelen dansa i raude slangeskinnsko.
Djevelen spela trekkspel og
Eg dansa i raude slangeskinnsko.

Bankranaren

Var det hungeren etter adrenalin
Eller overbruk av syntetisk medisin?
Utsikte te kjappe kontantar
Eller pels, perler, champagne og briljantar?

På toppen av mitt eige forbrytersyndikat
Med perler om halsen kan ein ikkje ve degenerat.
Brenne banken på champagne og konjakk
I mitt rede av røvarar ska ingen gå tørst eller blakk.

Sikkert so banken- me blir tekne te slutt
Med hagla i handa så går me ned baby, kaputt salutt.
Dynga ned i champagnegjeld
Køyre me bilen utfø Filefjell.

Var det verkeleg verdt alt maset? Men berre tenk –
Å la setlane berre fyka ut glaset!
Inn i solnedgangen med Cubanske sigar
Gje bengen i Borgund bygdabasar.

So når festen e slutt og alle bruer e brente
Sit me sotete atte fulle og dekadente.
Du veit at festen, den e slutt og alle bruer e brente
Me sit sotete atte baby, fulle og dekadente.

Bygdetango

Laurdagskveld i Aurland prestagjeld
Høyrer ein varme tonar frå eit grendahus.
Bak ei trekt gardin – halvnakne dame frå magasin
Og heimebronne brennevin.
Grove hende tømer i te da renne
Både tårer og alkohol.

Flasko går te ein god mann med hareskår
Tredve år i tronge kår.
Og lufti blir varm – ein har eit hjerta på venstre arm
Og augo skin «Ein gong va ho mi!»
«Nei, du stoppa’kje no eg vil kjenna smaken av blod
I manneslått ring kjenne eg alt og ingenting».
Grove hende slår te da renne
Både tårer og blod.

Då natte vert grå tek dei saknet og ber da utanpå
Legge armane om ein an.
Store og staute grete dei sjurtene blaute
Og dansar sakte mann mot mann.

Feil buss

Kaldt, eg står og ventar
I mørket bles eg ei frostsky.
Ikkje ei gatelykt
Og mørket e tungt og svart som bly.
Kun to gule auger lyser i svingen
Stopp. Stopp

Men i det eg skal gå på
Trur eg ikkje det auga klart kan sjå.

Bussen eig ikkje bussjåfør
Passasjerane e bleike og har sår som blør.
Men døri den e alt lukka igjen
Bussen køyre men kor skal denna bussen hen?

Heilt still sette eg meg ned
Ilag med tjue tomme andlet.

Huda den e gusten den e grønn og gul
Flenger i andletet mang ein blå kul.
Og bussen køyrer utan sjåfør eller ratt
Stoppar bussen i Lærdal i heile tatt?

Dans med meg

Kjære, kå ska me no gjer?
Ingen peng, ingen seng
Og ei gjeld for svær.
Snart slege dei straumen tå
Og når dei skrur av lyset, me sit der og fryse
Ja, kå gjer me då?

Dans no med meg ein gong te
Kan’kje me gløyma alt?
Dans no med meg ein gong te
Ei siste gong før alt blir mørkt og kaldt.

Her sit me i eit pillråte hus
Dela vatn og brød, liv og død
Med tre, fire mus.
Fryse du likeins so meg?
Men me har meira vin ta litt så blir du fin
Det e so godt eg har deg.

Dans no med meg ein gong te
Kan’kje me gløyma alt?
Dans no med meg ein gong te
Ein siste gong før alt blir mørkt og kaldt.

Her sit eg åleina igjen
I eit iskaldt hus i synkande rus
Utan deg min venn.
Du trur eg ikkje ser at du dreg
Men eg ser deg rømma og når ska eg glømma
At du drog i frå meg?

Dans no med meg ein gong te
Kan’kje me gløyma alt?
Dans no med meg ein gong te.
Ein siste gong før alt blir mørkt og kaldt

Gravferd i Kaupanger

Ti sterke menn må bera kista
Ei kyrkje e i klagesong
Dei gret for alt det dei ska mista
Det den daude var ein gong.
Me ber deg alle inst i hjerta
Og skulle minna svinna hen
Så skal du grøne blad i bjørki verta
Med alle gode kvinner og menn.

Og når det e tid for talen
Stig han med slangeskoi fram
Og tårer renner ned sjakalen
Han gret i ordi sine utan skam.
«Han var min nære min eine
Min far, min bror, min Gud.»

Flukta over Filefjell

Vegen den går dobbelt
Fuck det, eg drikke an bein.
Eg har snuten i spegelen
Godt at spriten den e rein!
Bilen går so ei kula
Leke so ei sil.
Nett i dag bryr eg meg ikkje om
At eg ikkje kan køyra bil.

Du kan’kje stoppa oss no
Nett ikkje no.
Me køyre berre på.

No går det mot slutten.
Ring etter ein prest.
Berre tenk for ein helsikens fest!
For eg pustar endo
Og eg har full tank.
Baby, eg har nettopp rana
Indre Sogn Sparebank.

Du kan’kje stoppa oss no
Nett ikkje no.
Me køyre berre på.

Dei raude skoi

Desse skoi e’kje mine
Kor kjem dei i frå?
Dei sit so klistra
Og eg får’kje dei tå.
Kå var det som skjedde i går kveld eigentleg?
Skjønar eg ingen ting?
Alt eg kan, og alt som eg veit
E at eg dansa ein viljelaus swing

Kå e da eg har gjort?
Tapte vilja i eit slag kort?
Ei skjebne av den gemene sort
Og bandet dei spelar altfor fort.

Det e sekundar før eg
Begynna å steppa.
Satan står der i hjørna og ser på
Med sine kjøttraude leppa.
Eg klikkar hælane saman
Ein to tre.
Men eg kjem’kje meg ned eller heim
Ver så snill, O Gud ta meg med.

Kå e da eg har gjort?
Tapte vilja ei eit slag kort.
Ei skjebne av den gemene sort
Og bandet dei spelar altfor fort.
Å, kå gjer eg no?
Eg klara’kje stå i ro.
Knena e gule og blå
Kanskje må eg berre kappa dei tå.

Vals med meg baby

Vals med meg baby
Og hald meg tett
Stryk meg i nakken, baby
Lov meg ingen retrett

Lov det ingen kan halda
Ingen andre enn han.
Stryke du fyr i ei fyrstikk
Set du hjerta mitt i brann

Treng ikkje bensin
Berre sei at du e min
Så set du fyr på hjerta
Og eg e din.

Media

Unable to communicate with Instagram.
Copyright © 2017 - Kabaret Makaber